Berekraft i form og funksjon

I dag veit me nok til å forstå at innovasjon krev berekraft. Nye løysingar må ikkje berre fungere betre, dei må redusere både ressursbruk og innverknad på klimaet vårt. 

Sikkerhetstunnelen består av element som vert produsert i Noreg, slik at reisevegen er kort. Alle elementa er i tillegg resirkulerbare om dei ein gong må skrotast. Men før den tid er Sikkerhetstunnelen utforma slik at den kan flyttast og brukast om att, eller stå fast i minst 100 år. Det er berekraft i både form og funksjon.

Betydeleg reduksjon i CO2-utslepp

I samarbeid med Asplan Viak har det vorte utarbeidd miljørekneskap for tre ulike skredvernløysingar: ein 1000 meter lang tunnel, konvensjonelle betongskredvern og Bypass’ aluminiumskredvern. Resultata er slåande. Bypass leverer:

– *90,8% lågare CO2-utslepp** samanlikna med tunnelen.

– *47,7% lågare CO2-utslepp** enn betongskredvernet.

Dette viser tydeleg korleis Bypass sine løysingar ikkje berre er teknisk overlegne, men også betydeleg meir miljøvennlege.

Effektivitet og mindre naturinngrep

Bypass-modulane er designa med lite vekt, og for å vera enkle å transportera og montera. Det betyr kortare byggjetid og mindre stenging av veg:

– Betongskredvern krev ofte 1-5 månaders vegstenging, medan Bypass kan redusera dette til berre éin månad med delvis vegopning.

  • Bypass sitt modulsystem veg berre 3 tonn per løpemeter samanlikna med 20-24 tonn for betong. Det betyr at det er mindre behov for forsterkning av vegunderlag, og det er ikkje naudsynt å legga ny asfalt.

Gjenbruk og inga masseforflytning

Bypass sine skredsikringsløysingar gjer det mogleg å gjenbruka eksisterande veg og terreng:

– Ingen nye vegbanar trengs, og det er ikkje behov for store anleggsmaskiner.

– Modulane kan fjernast og gjenbrukast andre stader, noko som eliminerer permanente naturinngrep.

Lokal økonomisk vekst

Innovasjonen bak Bypass har potensiale til å skapa mellom 50 og 500 nye arbeidsplassar innan 2-5 år i Noreg, i sektorar som aluminiumsindustrien, prefabrikasjon av komponentar, fjellsikring og dessutan logistikk og transport.

Samfunnsfordelar

Bypass løyser ikkje berre tekniske utfordringar, men bidreg òg til å sikra og verna lokalsamfunn ved å:

– Gi tryggleik for gåande, syklande og køyrande.

– Halda oppe og forbetra tilgjengelegheita til skulevegar og turistvegar.

  • Sikre at distrikt kan halda oppe berekraftig utvikling og overlevingsevne.

Ved å halda fram med å utvikla fleksible og tilpassa løysingar som kan implementerast uavhengig av vegbreidd og avstand til terrenget, sit Bypass i førarsetet for å leia vegen mot ei sikrare og meir berekraftig framtid for både Noreg og potensielt internasjonale marknader.

Hald deg oppdatert på skredsikring!

Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.