Bypass er stolte over å kunngjera at me har fått ISO 9001 sertifisering, eit viktig kvalitetsstempel for selskapet.

Sertifiseringa dokumenterer at me har eit godt kvalitetssystem og gode rutinar for å sikra høg kvalitet i alle ledd, frå planlegging og gjennomføring til oppfølging og kontinuerleg betring.

ISO-9001 sertifisering på Bypass AS sitt kontor på Stord.

Svært gode tilbakemeldingar frå sertifisør

Arbeidet med kvalitetssystemet har vore ein laginnsats med høgt engasjement frå alle fagområde.

– Me har jobba målretta med kvalitet sidan oppstart, og sertifiseringa er ei stadfesting på at Bypass held ein høg og systematisk standard. Me er veldig glade og stolte over å vera ISO 9001 sertifisert, seier dagleg leiar, Kjell Fylkesnes.

Sertifiseringa vart utført av Kiwa, og Bypass fekk svært gode tilbakemeldingar frå revisor. Han peika særleg på det sterke engasjementet hjå tilsette, god dokumentasjon og at me har klart å halda rutinane ukompliserte og gode.

Eit steg vidare i utviklinga av selskapet

– ISO 9001-sertifiseringa er ikkje berre ein milepæl, men også eit viktig steg i utviklinga av Bypass AS som ein profesjonell aktør innan sikring. Det gjev både kundar og samarbeidspartnarar tryggleik for at me leverer kvalitet – kvar gong, seier Fylkesnes.

Bypass ser fram til å byggja vidare på dette grunnlaget, og levera trygge og framtidsretta løysingar, med kvalitet og berekraft i fokus.

Hald deg oppdatert på skredsikring!

Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.