Teknologi og innovasjon
Nye tankar rundt eit gamalt problem
Ein god idé kan vere åpenbar, men det krev innsikt å sjå han, og dei rette folka til å realisere han. Teknologien til Bypass er banebrytande, men samtidig enkel.
Takkonstruksjonen i aluminium har ein unik, patentert tredelt dempeteknologi. Dei tre lagene har ulike eigenskaper som saman absorberer energien fra skred, demper støtet og leier massene vidare til ei trygg sone.
Kreftene ved skred fordeles jevnt utover takplata, og beskyttar både stålkonstruksjonen og vegen under. Når ei steinblokk på 6 tonn kjem i stor fart fra 50 meters høgde, reduserer dempeteknologien 80–90 % av energien i løpet av eit tidels sekund. Konstruksjonen tåler gjentatte skred – uten at det går ut over funksjonen.
Konstruksjonen er fullskalatesta. Den produseres i resirkulerbar aluminium og kan demonterast og flyttast ved behov.

Enkle prinsipp, moden teknologi
Prinsippet bak Bypass Skredvern er det samme som i eit køyretøy plassert på høgkant. Den trygge, grøne sona er omkransa av eit solid og sikkert rammeverk som absorberer støtet frå skredet. Den grøne sona i seg sjølv toler alle kreftene frå skredet utan å kollapse.
På toppen (raud sone) er den unike Bypass-teknologien, som gjennom tre sonar tek imot, dempar og avleier kreftene frå skredet.
Resultatet er ein vegbane som er fullstendig trygg og upåverka av skredet.
Patentert løysing og fullskala testa
Bypass Skredvern bestod sin første fullskalatest i 2023, i samarbeid med NTNU og dyktige ekspertar på fjell- og vegsikring. Sidan den gong har me utført over 40 testar.
Kvar del av den unike takkonstruksjonen speler ei vital rolle i energidempinga:
- Grøn lag – Røyrpakkar.
- Lilla lag – Berebru.
- Rosa lag – Fordelingsbjelke.
- Blå lag – Krasjboksar/Støytdemparar.

1. Beskytt vegen med Bypass Skredvern
Når skredet treff, er det avgjerande at vegen er trygg. Med Bypass Skredvern dempar me 80-90 % av energien i skredet på berre 1/10 sekund.


2. Dei kritiske sekundane
Trafikantar kan trygt køyre sjølv om skredet treffer skredvernet, som er solid og påliteleg.
Vårt energidempande, ugjennomtrengjelege tak er skråstilt 15 grader for å sikre at steinblokkane trillar av.
3. Me set tryggleik og sikkerheit først
- Gjennomført fullskalatestar med steinblokker opp til 4,7 tonn.
- Steinblokkene vart sleppte frå og 50 meters høgde og nådde ein fart på 137 km/t
- Ingen stein eller skred i vegbanen, tryggleiken er ivaretatt.


Materiale
Ved bruk av klimavenlege materiale og lokal produksjon, understrekar Bypass forpliktinga si til berekraft.
Kombinasjonen av kort byggje- og montasjetid saman med kostnadseffektivitet gjer Bypass sine modular til ei ideell løysing for å møta skredutfordringar på ein berekraftig og økonomisk måte.
Partnere
Enodo
NTNU
Innovasjon Norge
Forskningsrådet
Raufoss Aluminium (tidligare Hydal)
Halsnøy Dokk
Marine Aluminium
Stord Anlegg
Norconsult
Wimo Fjellsikring
Kapp Aluminium
Atheno

Hald deg oppdatert på skredsikring!
Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.