Bypass Sikkerhetstunnel får deg trygt heim

  • Patentert, unik løysing på verdsbasis
  • Intakt infrastruktur heile vegen
  • Tilnærma vedlikehaldsfri
  • 100 års levetid

Hald vegen open under og etter skred

Når skredet treff Bypass Sikkerhetstunnel vert 80-90 % av skredenergien dempa på 1/10 sekund. I løpet av 6-7 sekundar er skredmassen vidaresendt, og konstruksjonen er klar for nye skred.


Bypass Sikkerhetstunnel har open side som gir naturleg ventilasjon og rømningsveg. Det er minimal fare for røyk- og gassoppsamling, og den er ikkje definert som tunnel iht. EU-forskrift.

Effektiv montering sikrar kritisk infrastruktur

Bypass konstruksjonen er designa for effektiv montering. Dei prefabrikerte modulane i aluminium og stål er tilpassa vegpartiet, og tillet intakt infrastruktur (ein vegbane open med nokre få unntak) gjennom monteringsfasen. Bypass kjem i 4-8 meters modular, avhengig av breidden på vegbanen.

Ved montering rett på eksisterande veg er det naturleg nok utan naturinngrep. I tillegg kan konstruksjonen enkelt demonterast og ombrukast ein annan plass.

Ulike variantar av Bypass Sikkerhetstunnel

Bypass Sikkerhetstunnel er fleksibel, og me har starta utviklinga av fleire ulike alternative løysingar. Her ser du nokre av dei.

Sikkerhetstunnelen kan og brukast som portal til tunnelopningar "Sikkerhetstunnelen: Solid og fleksibel portal til tunnelopningar for ekstra trygghet.
Bypass Sikkerhetstunnel tunneloverbygg.
Sikkerhetstunnel for ekstra smale veier, kor alt er festet i fjellveggen, utan behov for beresøyler nede på vegen.
Bypass Sikkerhetstunnel «light versjon» til f. eks smalare veg.
Solid og sikker gang- og sykkeloverbygg.
Bypass skredsikring til sykkel- og gangveg utanfor tunnelen.

Hald deg oppdatert på skredsikring!

Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.