Eit berekraftig alternativ
Berekraft og natur
I Noreg har me bratte fjell og fjordar. Når ein bygger veg i fjellsida langs fjorden vert det rasfare. Og auka vassmengder fører til skred. Klimaendringane, og ekstremværet dei fører med seg aukar risikoen for skred.
Bypass erstattar ikkje eksisterande rassikringsmetoder – men kjem inn som eit trygt og berekraftig alternativ.
FNs berekraftsmål
Bypass Skredsikring AS forpliktar seg til å drive verksemda i tråd med prinsippa for berekraftig utvikling. Vår målsetjing er å sikre trygg ferdsel, samtidig som natur, miljø, samfunn og økonomi for komande generasjonar vert ivareteke. Vår tilnærming er basert på FNs berekraftsmål.
Industri, innovasjon, infrastruktur
Bypass er ein konstruksjon i det berekraftige materialet aluminium med ei levetid på 100 år, og minimalt med vedlikehald. Bypass Sikkerhetstunnel sikrar kritisk infrastruktur når mennesker og samfunn vert ramma av ras.
Berekraftige byar og lokalsamfunn
Me skal bidra til robuste lokalsamfunn gjennom å sikra opne vegar og trygg ferdsel. Bypass er eit langsiktig og trygt alternativ for sikring av veg og anna infrastruktur. Bypass Sikkerhetstunnel kan stabilisera kollektivtilbodet ved å gjera togtrafikken mindre utsett for ras.
Ansvarleg forbruk og produksjon
Bypass Sikkerhetstunnel er produsert av resirkulerbar aluminium. Konstruksjonen er skapt med omsyn til å legga til rette for ombruk og materialgjenvinning.

Sikre kritisk infrastruktur
Bypass Sikkerhetstunnel er 100% prefabrikerte modular. Den vert montert rett på eksisterande veg, utan naturinngrep, og konstruksjonen kan enkelt demonterast og ombrukast ein annan plass.
Men det er det sosiale berekraftsperspektivet som er viktigast i monteringsfasen. Den effektive monteringa gjer det mogleg å halda eit felt av vegbanen open store deler av tida. Dermed sikrar ein kritisk infrastruktur.
Aluminium: Berekraftig materiale
Bypass er ein robust, trygg konstruksjon i stål og aluminium som vert montert på eksisterande veg, og varer i 100 år.
Aluminium er eit berekraftig materiale. Det er sterkt, lett og krev minimalt med vedlikehald. Det er også enkelt å resirkulera, og gjenbruka. Omlag 75 prosent av all aluminium som nokon sinne er produsert, er framleis i bruk.

Miljørekneskap:
Betydeleg reduksjon i CO2-utslepp
I samarbeid med Asplan Viak har det vorte utarbeidd miljørekneskap for tre ulike skredvernløysingar: ein 1000 meter lang tunnel, konvensjonelle betongskredvern og Bypass’ aluminiumskredvern. Resultata er slåande. Bypass leverer:
– 90,8% lågare CO2-utslepp samanlikna med tunnelen.
– 47,7% lågare CO2-utslepp enn betongskredvernet.
Dette viser tydeleg korleis Bypass sine løysingar ikkje berre er teknisk overlegne, men også betydeleg meir miljøvennlege.

Hald deg oppdatert på skredsikring!
Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.