Bypass kan vera løysinga for Lund kommune
Langs fylkesveg 4258, Rusdalsveien, går det fleire ras i året. No etterlyser innbyggarane tiltak. Bypass Sikkerhetstunnel vert løfta fram som ei potensiell løysing. Eit innovativt produkt som kan redda liv.

I februar var Kjell Fylkesnes og Astrid Veronica Rydland i Lund kommune for å presentera Bypass Sikkerhetstunnel for administrasjon, lokale politikarar og fylkespolitikarar. Presentasjonen hausta engasjement og gode tilbakemeldingar.
Me fekk også ein flott artikkel i Avisen Agder.
Utfordrande å rassikra
Ved Rusdalsvatnet er det svært rasfarleg, og politikarane ønsker tiltak for å trygga vegen som også er skuleveg for lokale born og unge. Men det er ikkje så enkelt, fordi:
- Det er utfordrande forhold for å etablera «vanleg» skredsikring
- Det er dyrt å flytta eller legga om vegen
- Lite trafikk påverkar prioriteten vegen har i fylket
Gode føresetningar for ein Bypass Sikkerhetstunnel
Astrid Veronica Rydland og Ørjan Nordhus var på synfaring i forkant av møtet, og fant gode forhold for Bypass Sikkerhetstunnel. Illustrasjonane viser korleis ein Bypass kan plasserast i terrenget.

Hald deg oppdatert på skredsikring!
Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.