Ny data: Skredangst kostar samfunnet 5 kroner per bilpassering
Transportøkonomisk institutt og Menon Economics har utvikla ein metode som konkretiserer samfunnskostnaden for skredangst. Resultatet er talfesta til 5 kroner per bilpassering på rasutsette strekningar.
Dette betyr at det ikkje berre er dei fysiske konsekvensane av steinsprang og snøskred – dødsfall, skadar og vegstenging – som no blir tatt omsyn til i samfunnsøkonomiske analysar. Også kjensla av utryggleik, omvegar folk vel å køyre, og frykta for å passere rasutsette område, får ein plass i reknearkene.

Skredangst som samfunnskostnad
Dette skriv NRK:
- Om du sikrar eit punkt på vegen som er venta å ha eitt 10 meter breitt skred i året, så har det ei gjennomsnittleg nytte i form av redusert ubehag på 5 kroner per bilreisande som passerer punktet.
- For strekninga Arna–Voss er verdien heile 35 kroner per passering, noko som tyder at folk er villige til å ta ein 15 minutts omveg for å unngå skredfaren.
Med denne metodikken løftar fleire skredsikringsprosjekt seg frå «ulønnsame» til «lønnsame» i nasjonale analyser. Det kan på sikt bety betre prioritering av rassikring i heile landet.
Ein viktig milepåle for skredsikring
For oss i Bypass er dette ein svært viktig nyheit. Vår kvardag handlar om å utvikle og levere løysingar som reduserer både reell fare og den opplevde utryggleiken som NRK-saka viser til.
Me veit at tryggleik i stor grad handlar om korleis folk opplever det å køyre på rasutsette vegar i kvardagen.
At denne opplevinga no blir vektlagt i dei samfunnsøkonomiske modellane, gjev sterkare grunnlag for investeringar i skredsikring. Det er ikkje lenger berre ein teknisk diskusjon om rasfrekvens, men òg ein anerkjenning av kvardagsangsten som tusenvis av bilistar kjenner på.
Bypass fortsetter det viktige arbeidet
Bypass vil halde fram med å jobba for at norske vegar skal vera tryggare. Når både tryggleiken og kjensla av tryggleik kan talfestast, blir det lettare for politikarar og vegstyresmakter å prioritere tiltak der dei verkeleg trengst.
For oss handlar det om meir enn å stoppe stein og snø – det handlar om å gje folk kvardagsro når dei set seg bak rattet.
Kjelde: NRK
Hald deg oppdatert på skredsikring!
Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.