Vårt forslag til ei framtidsretta skredsikring av E39 Tronvik
Ved å nytte Noreg sitt nye og framtidsretta alternativ for skredsikring, Bypass Sikkerhetstunnel, kan Statens Vegvesen skredsikra E39 Tronvik ved Moi i Rogaland på ein trygg og meir kostnadseffektiv måte (sjå video under).
Stord 10. oktober 2024 – Å halde vegane våre trygge og opne er heilt avgjerande for samfunn og næringsliv i alle dei skredutsatte stadane i landet vårt. Ein av desse stadane er E39 Tronvik ved Moi, som under dei bratte og høge fjella ligg sterkt utsett for stor rasfare frå steinblokker som frå opptil 60 meters høgde kan falle ned på den viktige og sterkt trafikkerte vegen.
Det går i snitt kring seks skred langs vegane våre kvar einaste dag, noko som dagleg utgjer ein betydeleg fare for liv og helse, og som skapar utfordringar for infrastrukturen samfunnet vårt er heilt avhengig av. Med eit klima som samstundes gjev oss meir og kraftigare nedbør i åra som kjem, vert ikkje desse utfordringane mindre frametter.
Tradisjonelle løysingar som å leggje vegen i tunnel kan vere god, men samstundes har denne løysinga ein særs høg investeringskostnad, er tidkrevjane å byggje og er lite fleksibel. Sett i lys av dette har Bypass utvikla ei ny og innovativ skredsikringsløysing som kostnadseffektivt adresserer desse utfordringane.
Bypass sin modulbaserte sikkerheitstunnel er utvikla for særs rask og effektiv montering utan at det er naudsynt med store naturinngrep. Løysinga er smidig, solid, miljøvenleg og berekraftig, og kan enkelt bli tilpassa kvar enkelt lokasjon og krev ikkje omlegging av eksisterande veg.
Dette nye skredsikringsalternativet, Bypass Sikkerhetstunnel, er utstyrt med eit patentert og aktivt dempa skredsikringstak som gjev høg tryggleik lang inn i framtida for å sikre liv og helse langs vegane våre.