Politikarane i Vestland aukar fokuset på innovasjon og berekraftige løysingar innan skredsikring ved å vedta sak om pilotprosjekt.

– Me er svært glade for at hovudutvalet for samferdsel og mobilitet viser handlekraft og vilje til å ta i bruk nye metodar. Eit pilotprosjekt vil gi verdifull erfaring og vise potensialet som ligg i moderne skredsikringsteknologi, melder Dagleg Leiar i Bypass Skredsikring, Kjell Fylkesnes.

Hovudutval for samferdsel og mobilitet i VLFK på besøk hos Bypass Skredsikring.

Den 24. april vedtok hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune samrøystes følgjande:

«Det vert lagt fram ei sak om korleis ein kan gjennomføre eit pilotprosjekt med innovativ skredsikring. Saka skal peike på aktuelle område å gjennomføre eit slikt pilotprosjekt. Dette for å sikra meir veg for pengane og berekraftige løysingar.»

Vedtaket kom dagen etter demonstrasjonen der me fekk høve til å presentere vårt nye, innovative skredvern for politikarane. I tillegg til hovudutvalet for samferdsel og mobilitet med Arve Helle i spissen var sentrale beslutningstakarar i administrasjonen som Dina Lefdal og Gunhild Beate Vangsnes til stades.

Stor interesse for nyvinninga

Under demonstrasjonen viste me korleis Bypass Sikkerhetstunnel vil gjera vegane tryggare. Me fekk også forklart korleis den kan gi meir veg for pengane, og samstundes levere ei meir berekraftig løysing enn tradisjonelle skredsikringstiltak.

Det var tydeleg at løysinga vår vakte stor interesse blant politikarane, ikkje minst hos Stord-ordførar Sigbjørn Framnes (Frp), som uttrykte utolmod etter å få nyvinninga realisert. Det var òg Framnes som fremja forslaget om pilotprosjekt i utvalsmøtet neste dag.

Opnar for konkurranse og utvikling

Framnes fortel til Bladet Sunnhordland at vedtaket legg opp til ein konkurranse mellom ulike leverandørar av skredsikringssystem, noko me i Bypass Skredsikring ser som positivt. Ei open konkurranse vil stimulere vidare utvikling av løysingar som kan betre tryggleiken på norske vegar på ein meir effektiv og miljøvennleg måte.

Ein milepåle for framtidas skredsikring

– Me er stolte over at innovasjonen vår blir lagt merke til, og takksame for den tilliten politikarane viser ved å be om eit pilotprosjekt. Dette er eit viktig steg mot raskare og meir berekraftig skredsikring i Noreg, avsluttar Fylkesnes.

Hald deg oppdatert på skredsikring!

Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.