Bypass Skredvern får deg trygt heim

  • Patentert, unik løysing på verdsbasis
  • Intakt infrastruktur heile vegen
  • Tilnærma vedlikehaldsfri
  • 100 års levetid

Hald vegen open under og etter skred

Når skredet treff Bypass Skredvern vert 80-90 % av skredenergien dempa på 1/10 sekund. I løpet av 6-7 sekundar er skredmassen vidaresendt, og konstruksjonen er klar for nye skred.


Bypass Skredvern har open side som gir naturleg ventilasjon og rømningsveg. Det er minimal fare for røyk- og gassoppsamling, og den er ikkje definert som tunnel iht. EU-forskrift.

Effektiv montering sikrar kritisk infrastruktur

Bypass er utvikla og konstruert for effektiv montering. Dei prefabrikerte modulane i aluminium og stål er tilpassa vegpartiet, og held vegen open (med nokre få unntak) gjennom monteringsfasen. Bypass Skredvern kjem i 4-8 meters modular, avhengig av breidden på vegbanen.

Ved montering rett på eksisterande veg er det naturleg nok utan naturinngrep. I tillegg kan konstruksjonen enkelt demonterast og ombrukast ein annan plass.

Ulike variantar av Bypass Skredvern

Bypass Skredvern er fleksibel, og me har starta utviklinga av fleire ulike alternative løysingar. Her ser du nokre av dei.

Sikkerhetstunnelen kan og brukast som portal til tunnelopningar "Sikkerhetstunnelen: Solid og fleksibel portal til tunnelopningar for ekstra trygghet.
Bypass Skredvern tunneloverbygg.
Sikkerhetstunnel for ekstra smale veier, kor alt er festet i fjellveggen, utan behov for beresøyler nede på vegen.
Bypass Skredvern «light versjon» til f. eks smalare veg.
Solid og sikker gang- og sykkeloverbygg.
Bypass skredvern sykkel- og gangveg.

Hald deg oppdatert på skredsikring!

Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.