Veikonferansen i Tysvær
Veikonferansen i Tysvær den 8. februar 2024 var ei viktig storhending med 180 deltakar frå ulike bedrifter, Statens vegvesen (SVV), fylkesordførarar, topp-politikarar og statssekretærar til stades. Veikonferansen er eit viktig arrangement dedikert til samferdsle, og satte denne gongen skarpt fokus på utfordringane knytt til å etablera ein vintersikker fjellovergang mellom vest og aust på E134, og dessutan på oppgraderingar av den vitale kyststamvegen mellom Bergen og Stavanger.
Bypass Skredoverbygg var representert på vegkonferansen med dagleg leiar og gründer Kjell Fylkesnes og marknadsleiar Ingrid Fjelberg, og standen vår vekte interesse og nysgjerrigheit rundt Bypass-prosjektet.
Standen vekte betydeleg interesse grunna vårt innovative og tilpasningsdyktige alternativ til
skredsikring. Sikkerhetstunnelen si evne til å tilpassa seg dei mest utsette skredstrekningar på ein rask og effektiv måte framhevar potensialet den har for å vera eit betydeleg verktøy i
skredsikringsarbeidet.
Skildringa av Bypass som robust, flyttbar og gjenbrukbar, kombinert med den unike Bypass
energidempinga som kan redusera krafta til skredet med inntil 90%, gjer det til eit svært lovande og interessant alternativ i skredsikringbransjen. Denne kombinasjonen av eigenskapar antydar at Bypass ikkje berre kan vera ei effektiv løysing, men
også ei kostnadseffektiv og berekraftig ei, som kan bidra til å verna sårbare område mot skredfare på ein meir effektiv måte enn tradisjonelle metodar. Dagleg leiar og gründer Kjell Fylkesnes fekk og moglegheita til å halde eit foredrag om Bypass som ble godt motteke av deltakarane. Dette indikerer at det var stor interesse for temaet på konferansen.
Det klare bodskapet frå konferansen er at myndigheitene i åra framover, spesielt med den nye Nasjonale Transportplanen (NTP), vil prioritere drift og vedlikehald av eksisterande infrastruktur føre store og kostbare prosjekt. Eit stort etterslep innan rassikring av vegar ble nemnd, spesielt i Vestland, med et anslått etterslep på 15 milliardar kroner. Dette indikerer gode framtidsutsikter for prosjekter som Bypass, som kan adressere slike utfordringar.
Hald deg oppdatert på skredsikring!
Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.