Denne veka inviterte Bypass Skredsikring til ny fullskala test av vår innovative skredsikring, Bypass Sikkerhetstunnel.
Arrangementet samla Hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune, saman med fleire inviterte gjester, til fullskala test. Det vart tydeleg demonstrert korleis Bypass Sikkerhetstunnel skal verna liv og kritisk infrastruktur mot skred.

Gjennom demonstrasjonen slepte me stein på høvesvis 100 kg og 1000 kg frå 30 meter, først over bilane og så over Bypass Sikkerhetstunnel. Slik fekk deltakarane sjå med eigne auge kor effektivt energidempesystemet vårt fungerer. Me er per no oppe i over 35 slike testar på anlegget.
Etterpå vart det høve til diskusjon og refleksjon inne.
Bypass Sikkerheitstunnel er eit berekraftig og kostnadseffektivt alternativ til tradisjonell skredsikring, med rask installasjon og minimal påverknad på naturen.
Reaksjonane frå dei frammøtte var svært positive, og mange av politikarane uttrykte ynskje om raskare iverksetjing av slike nyvinningar.
Me er stolte over å visa fram eit produkt som no er klart for marknaden, og set pris på den store interessa. Ei ny milepåle for oss i Bypass Skredsikring!
Dette rapporterte media frå arrangementet (obs, abonnement):
Sunnhordland: Fire år med venting og enno ikkje å sjå langs vegane: – Det tek for lang tid – sunnhordland.no
Kvinnheringen: Nyhende, Skredsikring | Testa ny tunnel for skredsikring: Her slepper dei ein stein på eitt tonn frå 30 meter
Hald deg oppdatert på skredsikring!
Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.