Bypass AS og Innovasjon Norge i samarbeid for tryggare og meir berekraftige vegar

Bypass AS er svært stolte over samarbeidet med Innovasjon Norge, som har gitt oss eit verdifullt løft og akselerert utviklinga av skredsikring på norske vegar.

Gjennom nytenking og innovasjon har Bypass AS utvikla eit revolusjonerande, modulbasert skredvern i aluminium. Teknologien gjer det mogleg å raskt setje opp effektive skredsikringar som ikkje berre reddar liv, men også reduserer kostnader.

I tillegg til å vere meir effektiv enn tradisjonelle løysingar, er teknologien miljøvennleg med betydeleg lågare CO2-avtrykk enn tradisjonelle skredoverbygg i betong. Med støtte frå Innovasjon Norge er me klare til å realisere løysingane våre og ser fram til å bidra til tryggare og meir berekraftige vegar.

Les meir om korleis Bypass banar veg for framtidas skredsikring i Noreg i denne artikkelen frå Innovasjon Norge:

https://www.innovasjonnorge.no/kundehistorie/bypass-skredsikring

Hald deg oppdatert på skredsikring!

Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.