Me skal sikra opne
vegar og trygg ferdsel
Bypass Sikkerhetstunnel skal redda liv og sikra kritisk infrastruktur. Det skal me gjer utan naturinngrep, med eit innovativt, norsk og berekraftig produkt.
Klimaendringar fører til at Noreg, og Vestlandet spesielt, vert stadig meir utsett for hardt vêr. Dette fører til fleire ras langs vegane våre, og Statens Vegvesen og fylkeskommunane må gjera harde prioriteringar når det kjem til skredsikring.
Dei siste 100 årene har det vore lite innovasjon på skredsikringsfeltet, men no er Bypass Sikkerhetstunnel her. Eit innovativt, trygt og berekraftig alternativ som sikrar kritisk infrastruktur i rasutsatte områder.

Frå eksperiment til ferdig løysing
med kunnskap, erfaring og driv
Gründer og dagleg leiar Kjell Fylkesnes er vår hovudaksjonær saman med Jakob Hatteland, ein av gründerane bak Noregs første einhjørningsbedrift, Autostore i Vats.
Det tekniske teamet vårt har tung industrikompetanse og har sørga for at me er der me er i dag, med eit fullskala testa, patentert sikkerhetsprodukt.
Me har samarbeida tett med inkubatoren Atheno, og me har fått støtte frå Innovasjon Norge og Skattefunn. Sidan oppstart har me investert betydelege midlar, køyrt testar og simuleringar blant anna på NTNU, og i dag er me klare til å levera eit produkt som er gjennomtesta i stor skala.
Hald deg oppdatert på skredsikring!
Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.