Vellukka test av Sikkerhetstunnelen

Det vart ein spennande testdag for gjestane til Bypass i juni. Over 20 deltakarar frå Statens Vegvesen, Bane Nor og ulike konsulentfirma var til stades.

Bypass-teamet demonstrerte tydeleg skilnaden på konsekvensane av at eit steinras treff bilar kontra den nyskapte Bypass Sikkerheitstunnelen. Etterpå var det ingen tvil: «Bypass Sikkerheitstunnel reddar liv.»

Teknisk Ukeblad var òg til stades med sin journalist Joachim Seehusen.

Demodagen 5/6: Revolusjonerande skredsikring med aluminium.

BaneNor, Statens vegvesen, og fleire selskap blei nyleg vitne til ei banebrytande løysing mot konsekvensane av steinsprang, utvikla av eit gründerselskap på Stord. Inspirert av bilindustrien har Bypass frå Leirvik skapt ei skredsikring som nyttar same prinsipp som i kollisjonssikring.

Ved hjelp av aluminiumprofilar stoppa sikringa ein 2,8 tonn tung stein på imponerande vis. Ein varebil fekk kjenna på krafta av steinen utan sikring, og vart fullstendig knust, medan veteranbi lar parkert under Sikkerhetstunnelen kom ut av det uskadd.

«Dette ser svært lovande ut,» kommenterte Espen Skjærbekk frå Statens vegvesen etter demonstrasjonen.

Systemet, basert på forsking ved SFI Casa og i samarbeid med NTNU, tek opp energi frå steinsprang og vernar vegar og jernbaner. Systemet er modulært, raskt å installere og meir kostnadseffektivt enn tradisjonelle betongoverbygg eller tunnelar.

«Vi treng meir kunnskap om skred,» seier Svein Terje Strandlie frå Bypass. Deira neste steg inkluderer å søke forskingsmidlar for å utvide sikringa til andre skredtypar.

Med innovasjon som dette, kan vi trygt seia at vegane våre blir både tryggare og meir effektive.

Heile artikkelen frå Teknisk Ukeblad finn du her: https://www.tu.no/artikler/bruker-aluminium-til-ny-skredsikring-br/547800

Hald deg oppdatert på skredsikring!

Med vårt nyheitsbrev blir du blant dei første som får vita om nye produkt, tenester og innovasjonar innan skredsikring.